QAnon and Conspiracy Theories: Caught between Laughter and Jaw-Dropping Shock

<--

QAnon og konspirasjonteoriar

Fanga mellom gapskratt og hakeslepp

I det seinaste har vi sett ein sjette verdsreligion ta form: QAnon. Guden er Q, og ekspresident Donald Trump er ein av profetane.

Vi har lenge operert med fem verdsreligionar. Den eldste er hinduismen, som har utvikla seg over fleire tusen år, med eit stort antall gudar. Dei mest kjende er Brahma, Shiva og Vishnu. Nest eldst er jødedommen som byrja å ta form då Abraham la ut på vandring med si ætt for å komme til det landet som Jahve ville forære han.

Kristendommen er 2000 år gammal og har ein allmektig Gud som sende sin eigen son til oss dødelege så vi kan få æveleg liv. Buddhismen blei grunnlagt av Bhudda omlag 400 år fvt. Denne religionen har ingen gud, men meiner at karmaprosessen er ein påliteleg styringsmekanisme. Islam er den yngste av verdsreligionane og blei grunnlagt av profeten Muhammad på 600-talet. Guden heiter Allah, og Muhammad hadde som oppdrag å formidle hans lære.

I det seinaste har vi sett ein sjette verdsreligion ta form: QAnon. Guden er Q, og ekspresident Donald Trump er ein av profetane.

Medan dei etablerte religionane har erverva seg disposisjonsrett over dei evige sanningar, udokumenterte sådanne, riktignok, er QAnon religionen for dei evige løgner. Dokumenterte sådanne. Den QAnon-frelste skare kjøper kvart ord som kjem ut av Q-tastaturet som det er varmt kveitebrød.

Det som verkeleg er overraskande, ja, nesten sjokkerande, er kor raskt QAnon har nådd ut til alt folket. Ikkje sånn med dei fem andre som brukte hundrevis, ja, meir enn tusen år på å oppnå status som verdsreligionar. Dei var avhengige av munn-til-munn-metoden for å spre den glade bodskapen. I tillegg til enkelte skrivekunnige som kunne føre guds penn. Det seier seg sjølv at samanlikna med dagens kommunikasjonsmulegheiter, blei dette eit møysommeleg, tidkrevande prosjekt. Det tok til dømes tusen år før Olav, han som blei heilag, du veit, tvangskristna Noreg.

Heilt annleis er det med QAnon.

Q har nemleg heile verdsveven til disposisjon. Det er bare å taste noko, trykke send, og vips så når han fram til millionar av menneskje med bodskapen sin. Hen og displane kan sitte i «kjellerleiligheten sin» og produsere evige konspirasjonsteoriar på løpande band.

Som at 9/11 bare var eit narrespel. At det er rein fiksjon at to fly kjørte inn i tvillingtårna i New York. At nokon andre stod bak og sprengte tårna i lufta.

At mektige demokratar i USA, med Hillary Clinton i spissen, er med i eit pedofilt nettverk som blant anna hadde base i ein pizzarestaurant i Washington.

At koronavaksiner blir brukte til å sprøyte mikrochipar inn i folk for å kunne overvake dei. At vaksinene kan føre til autisme og at kvinner blir sterile.

Den mest skrudde og trudde løgna akkurat no, er at Trump vann presidentvalet i USA og at Biden er ein juksemakar som aldri kunne ha klart å slå ekspresidenten på ærleg vis.

Konspirator-Trump hadde eit heilt PR-korps til disposisjon. Før han blei kasta ut av Twitter, kunne han dessutan boltre seg på tastaturet om «juksaren Sleepy-Joe» og trykkje Tweet. Sekundet etter kunne 82 millionar følgjarar, dei fleste «trumpbelievers», meske seg med ein sers liberal omgang med sanninga.

For ikkje lenge sidan hadde eg ein kronikk i Dagbladet der eg mellom anna skreiv at Biden så langt har gjort ein overraskande respektabel jobb. Det fall ikkje i god jord hos alle, for å seie det sommarbrismildt. Eg vaka litt i kommentarfeltet på Facebook. Teksten genererte meir enn tusen kommentarar. Mange frå trumpetistar på QAnon-kjøret.

Ein skreiv at Biden i rekordfart prøver å øydeleggje Amerika og føyde til: «Når valgjukset snart blir åpenbart, er heldigvis Trump snart tilbake som president». Ein annan rådde oss til å følgje med på kva som skjer i Maricopa County i Arizona. Det er visst svære ting på gang der. Medan ein skreiv at han gleder seg til Trump er tilbake. «Sånn som det ligger an nå, kan det bli : 4. juli,» hevda han.

Dette direktesitatet tok likevel kaka: «Biden vant ikke.. han tapte med millioner.. og dette vil du snart få se! Biden er ikke og har ikke vært i det hvite hus..men i castelrock studio..! Du ser på et teater! Trump er ikke eks..han er president..høyeste valgt i militæret!»

Dette er gapskratt-materiale. Heilt til ein forstår at det ikkje er kødd (unnskyld språkbruken). Då sit ein der plutseleg med hakeslepp. Så dukkar dette spørsmålet opp: Korleis er det muleg at vaksne menneskje verda over gong på gong går på limpinnen og let seg forføre av ein heilag Q, ein ekspresident og digitalt spreidde konspirasjonsteoriar?

Ein kjettersk tanke melder seg: Ikkje så underleg, kanskje? Sjå om ikkje hundrevis av millionar menneskje trur på reinkarnasjon. Eller at Jahve førte Abraham og hans ætt til eit land han ville gje dei. At Jomfru Maria fødde oss Guds son som blei menneske i trettitre år før han blei guddommeleg igjen. At dei som dør i heilag krig, vil få flokkevis av jomfruer til sin disposisjon i himmelen.

Sjølv om alt dette virkar temmeleg søkt, vil tvilen likevel komme desse menneskja til gode. Når det gjeld QAnon fins det ingen tvil. Konspirasjonsteoriane deira er, og vil alltid vere, evige gapskratthakeslepp-løgner.

About this publication